Roskaret

Turen opp tek om lag to timar og startar/ender ved Jokerbutikken på Robru.

Dette er ein lett tur  med slakk stigning i skogsterreng. Gå over den gamle brua og følg grusveg mot Gol ca 500 m. Ta av og følg ein gardsveg som går opp ved gardsbruket Bakken. Denne gardsvegen går over ei ein tømmerveg, som etter kvart blir ein stig som slyngar seg oppover dalsida.

Ein kryssar fylkesvegen og fylgjer stig skilta Tunnetjern.  Fyrst fylgjer vi ei traktorslepe, deretter er det  vanleg stig. 

Roskardet er eit idyllisk småbruk, langt frå næraste nabo. Sjølv om småbruket ligg inni skogen, er det utsyn både mot Grønlio og Hemsedal. Bruket er nedlagt. Eit par hundre meter lengre inn ligg Vesle Jørsna, eit triveleg lite vatn.

Det kan også lett lagast ein rundtur. Ein kan då gå langs Vesle Jørsna og deretter langs eit myrdrag til ein kjem til ein ny (umerka) stig. Denne stigen går over i ein traktorveg som ein kan fylgje ned til fylkesvegen att.

Ynskjer du ein kortare ut, kan ein ta utgangpunkt i fylkesvegen mellom Robru og Rustebrenna.  Køyr frå Robru i retning Golsfjellet vest. Ta til høgre i fyrste kryss i retning Rustebrenna og køyr ca 1 km, dit stigen kryssa fylkesvegen.

Utgangspunkt for turen:
• Joker Robru

Vegbeskrivelse bil:

• Følg Rv. 52 i retning Hemsedal
• Stopp og parker ved Joker på Robru

Vegbeskrivelse til fots/sykkel:
• Følg Rv. 51 mot Fagernes
• Ta av og følgj sykkelskilt mot Hemsedal
• Følgj grusvegen fram til Robru
Fotturer på Gol og Golsfjellet, Hallingdal, Norge
<- tilbake til forrige side     Tips en venn
Arrangement i Gol
Februar
11/2
Konsert med Vassendgutane
11/2
Undoms Disco
12/2
Hallingtrippelen - Golsfjellet Rundt
17/2
Martinez
17/2 - 19/2
Country&Western - weekend

Online booking

Ankomst
Avreise
Gol i Hallingdal - Norge




Gol Reisemål - Gamlevegen 4 - NO-3550 Gol i Hallingdal - Tel +47 3202 9700 - E-post gol@golinfo.no
Design: Thorgeir Røer      Coding & CSS: BeWide Technologies      Published with: WideCMS4