Dugurdsnatten

Turen opp er relativt langtekkeleg i uspennande skogsterreng. Turen tek tre timar inkl matpause og tek utgangspunkt ved Gol Stasjon.

Gå forbi Gol Motor og Fritidspark vest for stasjonen. Fylg først ein skogsveg, deretter er det stig merka Dugurdsnatten.

Det stig jamnt heile tida, men utsikt får ein ikkje før ein er oppe.  Då er utsikten upåklageleg.  Gol sentrum i framgrunnen og Hemsedalsfjella i bakgrunnen, er eit flott syn.

Vil ein ha ein litt lengre tur, kan ein fylgje merka stig bak høgdene og vidare vestover mot Mjelhovd. 

Er ein framleis ivrig, kan ein ta seg vidare vestover mot Benketjern og Benkejuvet. Her er det merka stig ned til Mobrua. Deretter fylgjer ein skogsveg til Gol Stasjon.

Naturen oppå åsen her er så og seie heilt urørt.  Eit par hytter er det einaste.

Utgangspunkt for turen:

• Gol Stasjon

Vegbeskrivelse bil:
• Køyr sentrumsvegen i retning Nesbyen
• Ta av ved skilting Gol Stasjon
• Parker ved stasjonen og gå i retning Gol Motor- og Fritidspark

Vegbeskrivelse til fots/sykkel:
• Som for bil

Fotturer på Gol og Golsfjellet, Hallingdal, Norge

Fotturer på Gol og Golsfjellet, Hallingdal, Norge
<- tilbake til forrige side     Tips en venn
Arrangement i Gol
Mai
17/5 - 21/5
"Kollektivet" av Ingar Raddum
31/5 - 2/6
Mercedes Benz Treff
31/5
Lasse Stefanz
Juni
1/6
Dænsebændet
6/6 - 9/6
Adventure dager på Gol

Online booking

Ankomst
Avreise

Gol i Hallingdal - Norge

Gol Reisemål - Gamlevegen 4 - NO-3550 Gol i Hallingdal - Tel +47 3202 9700 - E-post gol@golinfo.no
Design: Thorgeir Røer      Coding & CSS: BeWide Technologies      Published with: WideCMS4