Grov

Turen tek tre timar inkl matpause. Turen startar på Rotneim.

Stigen går vest for butikken, fyrst på ein privat grusveg.

Opp frå Rotneim er det god stig som er godt merka. Det er bratt, men stigen er lagt godt i terrenget, delvis også mura opp. Vi går forbi den nedlagte garden Ursdalen, vidare forbi Breidekko. 

Vel oppe bør ein rusle ut på pynten. Her er det utsyn ned til Rotneim, og det er upåklageleg utsyn til Gol. 

Nedatt ruslar vi forbi garden Gjøta og vidare nedover mot Tuppeskogen. Det er her ein brei, opparbeidd stig (ikkje merka). Ein kjem så ned på ein skogsveg. Denne fylgjer ein til fyrste sving.  Her tek ein inn på ein ny skogsveg. I forlenginga av denne går det ein smal stig eit par hundre meter før det er ny skogsveg att. 

Så kjem ein inn på Skaraåsvegen, før ein tek av denne og fylgjer merka stig forbi Skagatunet og til Skaga. Herifrå  kan ein så gå ned merka stig til sentrum att. (sjå tur "skiheistoppen")

Utgangspunkt for turen:
• Rotneim (Gul butikk)

Vegbeskrivelse bil:
• Følg Rv. 7 mot Torpo/Ål/Geilo
• Etter omlag 5 km kjem du til Rotneim
• Dette er ingen rundtur, så bilen må hentast seinare

Vegbeskrivelse til fots:
• Følg gangveg langs Rv. 7 mot Torpo/Ål/Geilo
• Etter omlag 5 km kjem du til Rotneim
Fotturer på Gol og Golsfjellet, Hallingdal, Norge
<- tilbake til forrige side     Tips en venn
Arrangement i Gol
Mai
17/5 - 21/5
"Kollektivet" av Ingar Raddum
31/5 - 2/6
Mercedes Benz Treff
31/5
Lasse Stefanz
Juni
1/6
Dænsebændet
6/6 - 9/6
Adventure dager på Gol

Online booking

Ankomst
Avreise

Gol i Hallingdal - Norge

Gol Reisemål - Gamlevegen 4 - NO-3550 Gol i Hallingdal - Tel +47 3202 9700 - E-post gol@golinfo.no
Design: Thorgeir Røer      Coding & CSS: BeWide Technologies      Published with: WideCMS4