Turen tek godt tre timar inkl. matpause og tek utgangspunkt ved Gol Samfunnshus.

Gå Trondrudvegen til fyrste sving. Følg deretter merka stig til Åsgardane skule.Vi går oppover den gamle stigen forbi Renslo og opp til Åsgardane skule, og vidare oppover.

Ein fylgjer så gardsvegen til Berg og umerka stig vidare nordover. Eit stykke bort i skogen er det skogsvegar som kryssar seg nedover til ein skogsbilveg. Følg denne eit stykke vidare nordover.

Så kan ein ta seg ned langs Kollbekken til Gjesthus. Her ligg Buksebrune. Den er vel verd eit syn der ho ligg høgt over Hemsila. Brua er ein kopi av ei gamal bru som sto på same staden før.

Ein kan no rusle nedover langs grendavegen og inn på riksvegen (Valdresvegen), eller ein kan ta seg over brua og opp til Øygardane.

Ved å fylgje riksvegen nokre hundre meter nordover, kan ein ta av og fylgje Søre Øygardsveg til Gol kyrkje. Frå kyrkja er det merka veg ned til Gol sentrum att.

For kart eller GPS-spor se turinformasjon her: Buksebrune

God tur!

 

Previous articleSkaraåsen
Next articleGrov