Det er tid for nok eit Hyttemøte for hyttegolingar! Dato er laurdag 08.oktober 2022 kl. 16.00 – 18.00.  Årets møte ynskjer me å leggje til Golsfjellet – Oset Høyfjellshotell.

I fjor hadde me fylgjande program:

·       Velkommen, fakta, kommunale tenester og aktivitetar for hyttegolingar v/ ordførar Heidi Granli

·       Eiendomsskatt, retakstering 2022 v/ kommunedirektør Hege Mørk

·       Kommuneplanens arealdel, kommunedelplan for naturmangfald v/ arealplanleggar Sander Lilleslett

·       Informasjon om renovasjonsselskapet i Hallingdal, kommunale renovasjonsløysingar i Gol og returpunkt på Golsfjellet v/ tilsett Helge Svarstad

·       Informasjon om destinasjonsselskapet, turistkontorets arbeid og aktivitetar v/ styreleiar Helge Svarstad

·       Informasjon om arbeidet med løyper symar og vinter samt samarbeidet på Golsfjellet, Nystølsfjellet og Søråsen samt utvikling av nye løyper og anlegg v/ leiar i Gol Utmarkslag Svein Solhjell

Hallingdal Brann og Redningstjeneste kom ikkje men det er framleis ynskjeleg at de møter med litt informasjon. De ettersendte og det vart lagt ut. Særlig interesse er feiing.

Eg håpar at de kan stille oppatt nok eit år. Gje meg ei rask attendemelding ila denne veka. De vurderar sjølve om de møter som i fjor eller om de sender andre representantar.