Parker ved Joker på Robru. Gå over vegen i retning Gol. Gå inn vegen og fortsett på ein grusveg. Ein følgjer så den gamle kongevegen mot Hemsedal.

Ta så til venstre og følg skilt mot Magnetunberget. Det er ganske bratt i skogsterreng. Ein går ned same vegen.

Dersom ein ynskjer ein rundtur, kan ein ta til venstre nedanfor Magnetunberget og følgje merka stig i retning Grønio.

Så følgjer ein den gamle kongevegen attende til Robru.

Utgangspunkt for turen:
• Joker Robru

Vegbeskrivelse bil:
• Følg Rv. 52 i retning Hemsedal
• Stopp og parker ved Joker på Robru

Vegbeskrivelse til fots/sykkel:
• Følg Rv. 51 mot Fagernes
• Ta av og følgj sykkelskilt mot Hemsedal
• Følgj grusvegen fram til Robru