november, 2018

08nov19:0021:00Aasmund Nordstoga: "Guten" - songar av Aasmund Olavsson Vinje

Detaljer

I år er det 200 år sidan diktaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og 8. november inviterer Gol historielag til jubileumsfeiring i aulaen på Gol skule.
Hit kjem visesongaren Aasmund Nordstoga. Han vil synge frå den siste soloplata si – «Guten» – som i sin heilskap inneheld tekstar av diktaren A. O. Vinje. Her har Aasmund Nordstoga, med god hjelp av bror Odd, blåse liv i nokon av Vinjes beste dikt. Tekstane presenterer Vinje både som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist.

Aasmund Nordstoga har dei siste åra gjort seg kjent som ein av landets fremste formidlarar av viser og tradisjonsmusikk i ei folkemusikalsk tonedrakt. Han har gitt ut fleire plater, vore nominert til Spellemannspris og har gjennomført utallige konsertar rundt om i heile landet.
Aasmund Nordstoga har med seg musikaren Åsmund Reistad, som trakterer gitar og mandola.
Publikum vil truleg få servert både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert med Aasmund Nordstoga.

Tidspunkt

(Torsdag) 19:00 - 21:00

Sted

Gol skule, Aulaen

Svøovegen 62

X