-9.8 C
Gol

Allsangkveld med julestemning på Skaga

Billett kjøpes i døra (kontant eller vipps) kr 150.
Kafe i elevkantina med julebakst og kaffe m.m.

 

Sted: Skaga

"}

07des19:0022:00Allsangkveld med julestemning på Skaga

Detaljer

Damekoret Kråkesølv og Mannskoret Stjernen, inviterer saman med elevane på Hallingdal Folkehøgskule til allsangkveld i førjulstida. Det blir mykje julesong der publikum sjølv skal synge med, og Stjernen sitt husorkester er tonefylgje. Spelelista  femnar breitt, men jul er tema, anten det er svisker eller tradisjonelle julesongar; frå Sjømannsjul på Hawaii til Nordnorsk julesalme, Julekveld i skogen og Romjulsdrøm.

Inn i mellom allsongane blir det minikonsert med både damekor og mannskor i tillegg til blandakor,  og det blir høve til å smaka på julebaksten.

Det er bort imot seksti songarar som inviterer til songkveld for og med publikum. Dirigentar er Arne Myksvoll, Gunn Ragnhild Stigen og Hallvor Lilleslett.

Konserten er på Hallingdal Folkehøgskule (Skaga) torsdag 7. desember kl. 19.00.
Billett kjøpes i døra (kontant eller vipps) kr 150.
Kafe i elevkantina med julebakst og kaffe m.m.

 

Sted: Skaga

Mer

Tidspunkt

7. desember 2023 19:00 - 22:00(GMT+01:00)