-11 C
Gol

Dialekt-kveld

16okt19:0021:00Dialekt-kveld

Detaljer

Hallingmålet overlever så lenge ungdommen tek det i bruk!

Barn og ungdom som har lyst til å prate halling kan oppleve at det er tøft å vera ein/ei av få som gjer det. Nokre unge har lært hallingmål heime, andre har ikkje høve til å lære av sine nærmaste slektningar. Nye tider krev nye måtar å overføre hallingmålet til nye generasjonar, og i Hemsedal har dei arrangert dialektleir for barn og ungdom i fem år.

Tysdag 16. oktober kl. 19 arrangerer Gol bibliotek og Gol mållag dialekt-kveld. Då kjem Tori Snerte og Sønnev Skrede til Gol bibliotek for å fortelja om dialektleiren, kva dei har gjort, kva som har vore mest vellukka og kva dei tenkjer om framtida for hallingmålet.

Det er høve til å låne «dialekt-materiale», og du vil få høyre gamle lydopptak med hallingmål.

Sal av kaffi og kaker frå kl 18.40.

Gratis inngang, vel møtt!

Mer

Tidspunkt

16. oktober 2018 19:00 - 21:00(GMT+01:00)

Sted

Gol Bibliotek

Svøovegen 5, 3550 Gol

Other Events

Get Directions