Stølsdagen - Torpoåsen

06aug11:0014:00Stølsdagen - Torpoåsen

Detaljer

Bli med på stølsdag på Gaurhovdstølen, Torpoåsen

den laurdag 6. august 2022 kl 11-14

Me kokar mjølkeprim, kinner smør og deler ut smaksprøver. Det blir sal av rummegraut, rumme og ystil, lappa, gommokaku og mineralvatn. Kaffien er gratis.

Det vert ballkastkonkurranse, husflidsaktivitetar, ljåslått og hesteskokasting. Gratis køyretur med hest og vogn.

Ponnyriding. Mange dyr å kose med! Det blir danseframsyning og spel ved Hugnad ungdomslag og Gol seniordans.

Ta gjerne med noko å sitte på.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein triveleg dag på stølen!

Helsing Gaurhovd

Sponsor: Buskerud Bondlag, Ål kommune og Sparebank1stiftelsen

Tidspunkt

(Lørdag) 11:00 - 14:00(GMT-11:00)