Husfliden_Logo

 

 

Husfliden Hallingdal AS vart stifta i 1935. Bak etableringa stod ungdoms-, bonde-, bondekvinne- og husmorlag samt dei ulike kommunane i Hallingdal.

Her finn du det største utvalget av bunadar og stakkar frå Hallingdal, og alt av tilbehør. Utvalget av bunader frå Hallingdal er stort, både av dei meste kjente og populære broderte bunadene og dei rekonstruerte – autentiske 17- og 1800-talls Rukkastakk og Foldadås.

Men butikken er så mykje meir enn bunad.

Me har ein garnavdeling med godt utvalg i garn, med god erfaring og kompetanse.

Husfliden er og ein gåvebutikk med eit breitt sortiment – glas, keramikk, treartikler, smykker, pledd og tøfler,  også klær til den bevisste og kresne kvinna og mykje artig til dei små.

Utvalget forandrar seg sjølvsagt i takt med trendene, men me legg vekt på tradisjonar i vareutvalget.

Husfliden Hallingdal
Sentrumsvegen 120
Tlf: 32 07 40 60
Mail: hallingdal@norskflid.no
Web: norskflid.no/hallingdal/

fblogo_small

 

 

Husfliden Hallingdal

Previous articlenokoAnna
Next articleFretex