Turen tek i overkant av tre timar inkludert matpause.

Frå parkeringa på Skaraåsen (sjå køyreanvisning lenger ned), går du nedatt vegen ca 200 m. Her er det merka stig mot Habbeset.

Ein fylgjer stigen opp forbi skiheistoppen og vidare innover Skaraåsen. Det er godt merka stig i lett terreng. Ein går forbi stølen Feten.

Ved Habbeset er det fint utsyn mot Hemsedal. Ein går så attende til Feten. Her kan ein ta av og fylgje ein ny stig forbi Fagerdalen.

Etter ein stund kjem denne stigen inn på den fyrste stigen att, og ein fylgjer denne nedatt.

Turen kan lett utvidast ved å leggje han om Syningen, ein markert topp lengre vest. Også hit er det godt merka stig.

 

For kart eller GPS-spor se turinformasjon her: Fottur til Skaraåsen.

God tur!

Previous articleSkiheistoppen
Next articleBuksebrune