Turen tek 2 timar og startar ved Gol Folkehøgskule.
Vi fylgjer Haugstadgutu (vegen går opp aust for skulen) bort til skiheisen og opp slalomløypa. Her er det hyggelege beitedyr som er glade i selskap.
Ved toppen av skiheisen er det utsyn over Gol og toppane ikring, likeeins flott utsyn mot Skogshorn andre vegen. Nedatt fylgjer vi den gamle stigen frå Skaraåsen (merka) og ned til Farset.
Ein avstikkar ut på Farsetberget er ikkje å forakte, men gå nedanfor eigedomen som ligg utpå stupet.
Vidare nedover er det fleire alternativ. Anten attende og vidare nedover den merka stigen, eller i skogen langs den stupbratte fjellveggen. Ved foten av Farsetberget er det ei fjellhole, Tjuvkjellaren. Denne kan ein krype inn i. Det knyter seg litt bygdehistorie til hola.
Litt lengre nede kjem ein inn på stigen att, og denne fylgjer ein så ned forbi Gol bygdetun (Skagatunet) og nedatt til Skaga.
Utgangspunkt for turen:
• Hallingdal Folkehøgskule
Veibeskrivelse bil:
• Følg Rv. 52 mot Hemsedal
• Ta av til venstre, skilt Hallingdal Folkehøgskule
• Følg skilting
Veibeskrivelse til fots:
• Følg Rv. 52 mot Hemsedal
• Ta av til venstre, skilt Hallingdal Folkehøgskule
• Følg vegen omlag 300 meter
• Følg merka stig til Skaga