Dugurdsnatten er 902 moh og er en topp man kan nå med utgangspunkt i Gol sentrum.

Turen opp er relativt langtekkeleg i uspennande skogsterreng. Turen tek tre timar inkl matpause og tek utgangspunkt ved Gol Stasjon.

Gå forbi Gol Motor og Fritidspark vest for stasjonen. Fylg først ein skogsveg, deretter er det stig merka Dugurdsnatten.

Det stig jamnt heile tida, men utsikt får ein ikkje før ein er oppe. Då er utsikten upåklageleg. Gol sentrum i framgrunnen og Hemsedalsfjella i bakgrunnen, er eit flott syn.

Vil ein ha ein litt lengre tur, kan ein fylgje merka stig bak høgdene og vidare vestover mot Mjelhovd.

Er ein framleis ivrig, kan ein ta seg vidare vestover mot Benketjern og Benkejuvet. Her er det merka stig ned til Mobrua. Deretter fylgjer ein skogsveg til Gol Stasjon.

Naturen oppå åsen her er så og seie heilt urørt. Eit par hytter er det einaste.

 

For kart eller GPS-spor se turinformasjon her: Topptur til Dugurdsnatten.

God tur!

Turbarn 06 Dugurdsnatten