Turen tek tre timar inkl matpause.

Gå grusvegen søraustover frå Gol Hyttegrend og fylg denne vegen omlag 1,2 km. Ta så opp til venstre på ein godt merka stig i eit spanande terreng. Det stig ikkje særleg mykje, men det er bratt ned.

Vi går forbi hustuftene på Trollset før det stig opp mot Veikulstølane. Stigen er godt merka opp på Veikulnatten. Her ser ein vide og breitt!

Nedatt går vi litt attende før vi tek stigen nedover mot Grangard. Eit stykke nedi er det veg til Skardet. Denne skogsvegen er merka med skilt, men sjølve vegen er umerka.

Vel nede på bilvegen, går vi attende om lag 500 m til Gol hyttegrend.

For dei som ynskjer ein litt større tur, kan det vera ein god ide å starte ved Danielsplassen nede ved riksvegen. Her er det merka stig som er svært bratt opp mot småbruka Viddi og Uthalli.

Utgangspunkt for turen:
• Gol Hyttegrend

Vegbeskrivelse bil:
• Følg Rv. 7 frå Gol sentrum mot Nesbyen/Oslo
• Etter omlag 4 km tek du av mot Bagn
• Følgj skilting til Gol Hyttegrend